BalePride 6.juni
Den 6. juni arrangerer SognaPride, i lag med Balestrand Hotell, BalePride! Me gledar oss til å arrangere årets første pride parade i Balestrand i pride månaden juni. Her skal me fargelegge Balestrand i regnbogens fargar og lage ekstra god stemning. Me starter med å gå i parade før me ender opp på Balestrand Hotell. Her blir det ulike aktiviteter, musikk og mykje anna som me gledar oss til å publisere meir om etterkvart! Me håpar at du vil vere med oss denne dagen! Og du - me satser på buss frå Sogndal (merk: for ein liten eigenandel per passasjer) og du kan booke rom på Balestrand Hotell viss du ynskjer å overnatte der!
Vil du vere frivillig og hjelpe til å arrangere? Meld di interesse!